No e klokka .. 23.52 å ej må virkelig ta mej sammen å bjynde på oppgåva ej ska levere i morga. Problemet ligge egentlig i at finale ikkje funka, so no he ej registrert mej på finale.com å fått en gratis demo i 30 daga. Håpe det funka! For då kan ej endelig få arrangert lemon tree av fools garden. Ej he en ting for den songen, trur det e broren min sin feil.. Han spelte den om att å om att når vi va små.

So no e det egentlig berre å vente å sjå, men i myllatida so tenkte ej at ej kunne skrive litt om ka som he skjedd i det siste.
Ej hadde hovudinstrument-tentamen i går. Det saug. Ej song klassisk framfor et publikum for aller første gongen i heile mitt liv. EJ KAN IKKJE Å SYNGE KLASSISK!!  Det e det mest nervepirrande ej noken gong he vore med på. Ej he nok aldri vore so pissnervøs noken gong !! Ditte klarte so klart å øydelegge prestasjonen på den andre songen (Aquarious) som ej veit at ej kan synge mykje bedre enn ej gjorde. Ej må sei at ej grur mej veldig til songtimen i morga. For heilt ærlig so vil ikkje ej vite karakteren min..

Men, no e ej so å sei ferdi med alle tentamenane for i år, vi he hatt matte, norsk hovud. , spansk, formidling/fordjuping og hovudinstr. Det e so deilig å tenke på at ej he hatt min siste spansk-tentamen og min siste matte-tentamen her på skulen ! Neste år ska ej kooooose mej :)

Det som står igjen no, e norsk sidemål og en eksamen so e ej ferdi med 2.klasse musikk ! YESS !!!

Ej he fonne ut at ej kanskje he et konsentrasjonsproblem eller noke i den dur. ej he store problem med å sette mej ned for å gjere lekse, sånn som no. Ej blogga i staden for å gjere det ej egentlig skulle ha gjort. Men i mitt forsvar so må ej vente til finale he fått lasta sej ned ;)

Fakk, no kom ej akkurat på at ej må levere pensumliste i mip. til i morga.

Snakkast en anna dag .

For en kjekk dag, vi hadde musikkvideo-innspeling til klokka vart ti-ish . Sjølom ej la mej med en gong ej kom heim, e ej utruli trøtt og sleta !

Det va for all del kjekt å spele inn, ej lo godt då gutane mima til mi stemme! Dei e so kjekke:) Men, steik kor leide ej va. Vi for opp når klokka va ca. 5 (vi skulle vere der klokka halv 5 ) Å vi va der til klokka va ti. Ej va til slutt, so ej låg mest på en sofa ut i gangen å slappa av/blei plaga. Jørgen va sur fordi ej va kjedelig, Henrik tegna på mej, å Torgeir + Henrik satt sej på mej. Kjekt ! Men , ej trur musikkvideoen blir bra :)

I dag skal ej ned til na Asgeir å pante masse flaske, å so ska ej på rokken å ete nachos atme ne Camilla :) Vi va på Trede å åt mat å drakk kaffi i går. Det va koslig ! Camilla ville ikkje spele kortspel, so vi satt å sammarbeida om å legge kabal. :)

For ei veke, drittveke faktisk. Einaste lyspunkte e at ej he fri i morga :D

Malin e fjasete i dag, å det endte med kaffi på mej å pulten. Ekje kjekt å få latterutbrudd med kaffi i munnen. Det skjedde forresten ikkje på samme tid, men to gongar . Den eine gongen var faktisk fordi ej va so lur at ej veiva med hendene på samme tid som ej haldt kaffikoppen i hendene.  Nei, ej trur ej må komme mej rett heim å slappe av i dag. Det e so travelt å flire. Blir so sleta!!

Ellers so går det kjempebra, ej he byrja et nytt liv, der ej skal gjere lekse meir enn en gong i veka, og ej ska byrje å trene, igjen. .  Det e rart ditta, sagt det so monge gonga, men det skjer aldri noke. Noken som he noke tips om ka ej kan gjere for å få motivasjon ? :)

Fekk lønn i dag, da. Så ej ska sta å kjøpe mej en blyant :)

Eg vart forresten tante 3.oktober ! Eg ville lage ein eigen post med den opplysninga, sidan det var så spesielt :)

Det var ei lita, fin jente som heiter Mie Nupen Takset. Ho er verdens vakraste skapning, og mitt fadderbarn om ikkje så lenge :)

Her er eit bilete av prinsessa mi :)

trøtte-blikket.
trøtte-blikket.

Hopsann. her lovde eg at eg ikkje skulle gløyme bloggen min fleire gongar. Men, det skjedde igjen.

No he ej akkurat avslutta juleboikotten min med å ete fire marsipanpølser. Eg kan til og med byrje å drikke mjølk igjen no, for for nokren dagar sidan så starta dei å lage julemjølk, men julemotiv! Då kunne eg så klart ikkje kjøpe det eller drikke det. For avtalen min med meg sjølv var at eg ikkje skulle drikke, ete, bruke eller kjøpe noko som heitte noko med jul, eller hadde noko med jul å gjere. Så i kveld skal eg opp til Solveig å halde på med mange kjekke, julete ting:)

Ellers, så er det altfor mykje som skjer for tida. Eg hadde tentamen i dag, i norsk hovudmål. Det var kun dårlige, vanskelige oppgåver, eg valde å skrive ein artikkel, men det vart sikkert eit kåseri. Skriving er ikkje mi beste side. Men, det er heldigvis berre 5 tentamenar igjen no :)

Ha en fin dag, og ei GOD JUL !

I dag skulle vi ha fårikål til middag, men då mamma skulle til å koke poteter fann ho til alle sin forskrekkelse ut at vi ikkje hadde poteter ! ! Grunnen til det va at mormi trudde sekken med kattesand var ein sekk med poteter. Men sidan fårikål m/ kattesand ikkje var så veldig freistande, køyrde eg og Kristine fram til farmor og henta poteter ! :)

Gamletanta mi døydde i dag, det er trist, men ho har lidd ei stund. Og ho har levd eit godt liv i heile 96 år. Kvil i fred, Klara.

Ellers har dagen vore bra, eg har spelt wii, og eg har vore med Thomas og øvd til Tirsdag ! :)  

God Natt ! :)

Åjsann, no er det altfor lenge sidan eg har blogga. Det gjekk litt i gløymeboka då våren kom. Men, men. Slik kan det gå. 

Det har skjedd ein heil del sidan sist eg skreiv. I slutten av mars klarte eg å krasje i eit tred på Bondalseidet, på ski. Eg var på veg ned knuteløypa i altfor stor fart, då skina mine plutseleg tok ein snarveg ut av løypa og rett ned i skogen. Dette endte med brest i to bein og eit opprevna leddband i utsida på kneet. (Fysioterapeuten min sa at dei som som regel fekk denne skada var for det meste asiatarar som røyste seg for raskt etter å ha sete med beina i kors) Eg såg mildt sagt ikkje bra ut i fjeset heller, men kva kan ein forvente seg når ein krasjar med hovudet først inn i eit tred ? Eg kan ikkje sei sikkert at ej traff eit tred, men det er mest sannsynleg i og med at eg hadde bork i munnen. Det kom heldigvis noko godt ut av krykkje-gåinga, eg har opparbeida nokren fantastiske bicepsar ! 

Eg kan ikkje huske noko spennande før til sommaren. Biltur til Tusenfryd med familien ! Eg trur ikkje at eg kjem til å reise på nokon lang reise saman med lillesystra i baksetet. Eg var mektig lei til slutt. Men der var oppturar der også , når vi var på Tusenfryd møtte eg Kristina, og fornøyelsesparken vart plutseleg mykje meir fornøyeleg!

 

Dette har vore den verste sommaren eg har opplevd. Ikkje på grunn av den lange bilturen, men på grunn av ei tragisk ulukke der eg mista ein veldig god venn som eg alltid kjem til å huske. Han var den mest spesielle guten eg veit om, og eg bryr meg veldig om han. Eg kjem alltid til å sakne det fine smilet, dei morsomme kommentarane, og den gode støtta som han var for meg. Han er uerstatteleg, og eg kjem alltid til å sette pris på dei gode minna ! Kvil i fred, kjære vennen min ! 

 

Å byrje på skulen var i grunnen ein lettelse. Det er deilig å ha faste rutiner, i staden for å sløve heile dagane. Ikkje at eg eigentleg har hatt sommarferie, da. Eg har jobba kvar dag, og slete meg heilt ut. Eg angrar på at eg ikkje tok ein månad der eg berre kunne slappe av, men hjort er hjort, og rein er rein. 

 

No er det forresten berre 6 dagar til eg skal verte tante for første gong ! Eg gler meg som ein liten unge til neste veke, då eg skal få sjå den lille krabaten som vekst inne i magen til systra mi. Eg må sei at eg håpar det vert ei lita jente, for systra mi har kjøpt ein liten rosa body der det står “Jeg har verdens søteste tante!”  Men, det er einaste grunnen. Eg gir i grunnen blaffen i kva det vert, så lenge den er frisk og ikkje grin mykje ! :)  

Men no skal eg leggje meg, må tidlig opp i morgon for å gå på jobb. Eg lovar at det ikkje blir like lenge til neste gong eg bloggar. Ti knivar i hjartet ! :)

 

God Natt, Godt Folk ! :)

Uff, no er eg rimeleg lei av synging, diskutering om eventuelle nye sluttar og venting.

Første dag, og eg er utkjørt allereie ! Men det er fordi eg var stad å hjelpte til med rigginga i går,

det gjorde at eg ikkje la meg før klokka var rundt halv tre-tre..

Men, eg orkar ikkje skrive så mykje no, sidan eg er trøytt som pokker.

God natt.

I dag hadde vi gjennomkøyring av musikalen med dans, solo, og kor. Desverre ikkje med orkester endå, men det kjem etter kvart.

Det var overraskande bra ! På slutten fekk hovudrolleinnhavarane på seg sine kostymer, det var kjempebra.

Eg tok eit supert bilete av Hallgrim i Scarecrow-kostymet, men så klart har telefonen min, eventuelt dataen min klikka, eg får i alle fall ikkje bileta inn på dataen.

Opplegget, kostyma, og heile pakka er kjempebra, og eg anbefalar alle til å kome på ei eller fleire av forestillingane våra.

 

Men, Gud kor sliten eg var etter i dag. Kan ikkje og vil ikkje prøve å forestille meg korleis heile neste veke kjem til å verte.

 No må eg leggje meg til å sove, slik at eg kan halde ut i morgon også.

God Natt.

Naturfag er ein fantastisk fag. Der kan du finne ut hypoteser av alt mogleg, men ikkje noko fakta. Det er det eg har lært av min kjære naturfaglærar.

No har vi akkurat fått sett korleis ein hydrogenbil fungerar, i teorien vel og merke. For vi får aldrig noko skikkeleg svar når vi spør læraren om noko. ” Æ sier ikke at det e sånn, men det e sånn likevel, på en måte. Det er bare en hypotese, og der fins mange flere…” er det vanlege svaret vi får. Kan du forstå kvifor eg ikkje skjønar naturfag ? Nei, ikkje eg heller.

Huff, lang dag i dag. Skal øve på dans og kor delen av musikalen i plantimen og i kortimane i dag, så har eg song. Og etterpå skal eg på jobb. Eg lurar på å fare stad og sole meg etter jobb, for å få slappe av litt. Å sole seg er heilt fantastisk avslappande !

Menmen, tilbake til naturfag.